259

Å, kor gildt! Me høgt no syngjer

1.
Å, kor gildt! Me høgt no syngjer:
Jesus er god! Ofra sitt blod!
Tek oss ut or alt som tyngjer,
og i hjarta gjev han ro.
Refreng:
Me reddast ikkje um det stormar her.
Me veit at Jesus med oss er.
Av heile hjarta no me trur,
og me skal vera Jesu brur.
2.
No me skal i fridom leva!
Syndi som bitt, blir me no kvitt.
Takk og æra i all æva!
Verdi kan få hava sitt.
3.
No me trufaste må vera,
tena vår Gud, halda hans bud,
aldri eiga vilje gjera.
Sanning må me ropa ut.
4.
Ja, me lyt nok vakne vera.
Verdi må sjå, fram me skal gå!
Kvar av oss må bli til æra.
Syskin, lat oss halda på!
Skrevet i 1937 av Elihu Pedersen (utgitt i 1937)Norsk folkemelodi fra 1840 ("Valdres-sangen")Tekst © Stiftelsen Skjulte Skatters ForlagNorge ⋅ D